onsdag 2. juni 2010

Nyttig Lærdom



Dei Fem Hersketeknikkar
  • Usynleggjering
  • Latterleggjering
  • Tilbakehalding av informasjon
  • Fordømming uansett kva ein gjer (Også kalla dobbeltstraff).
  • Påføring av skuld og skam (skjer gjennom latterleggjering, audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking)

Eg veit om ein institusjon der desse får spire og gro som graset bak do. Ja, institusjonen eg no siktar til er, kanskje ikkje heilt uventa, skulen. Her blir desse nytta i stor skala.

Eg vil no fortelja litt om den nyttige lærdomen eg fekk då eg var ung. Etter 9 år i grunnskulen og 3 år på vidaregåande sit eg att med mykje nyttig kunnskap. Eg hugsar godt mine fyste år på skulebenken. Det var ein liten barneskule med om lag 20 elevar frå fyrste til fjerde klasse.

Eg minnast då eg byrja på skulen, som den uskuldig sjuåring eg var. Ein liten kropp, klar til å bli stappa med kunnskap, som ei pølse. Dette var mitt fyrste møte med det offentlige. Det var her eg skulle på sjå at den enklaste måten å få makt på, i alle fall i denne samanhengen, var å nytte seg av herseteknikkar. Eg var så heldig å få ein lærar som var ekspert på området.

Det fyrste me byrja med om morgonen var å gå igjennom leseleksa. Eg, som mange andre, var ikkje urovekkjande god til å lese. For å sei det slik; det var dei som var betre, og det var dei som var mykje betre. Ei hending eg hugsar særs godt var då ein gut i klassen, som var endå litt dårligare en meg til å lese, skulle opptre etter meg. Tyrannlæraren haldt eit skarpt auge med han mens han sjølvsikkert stava seg igjennom teksten. For han hadde nemleg lese på leksa si heime heile tre gonger kvelden før og var svært nøgd med seg sjølv. For ein gongs skuld møtte han opp godt forberedt til timen. Tilbakemeldinga han fekk var nok noko uventa for min stakkars klassekamerat. ”Dette her er ikkje bra nok! Eg kan høyre at du ikkje har lese på leksa di to gonger heime, slik alle skal. Høyr på Marianne. Eg kan høyre at ho har lese det ho skal heime, Det har ikkje DU. Du må verkeleg skjerpe deg!”

Her har læraren verkeleg våre dyktig. Han hadde nok massiv kunnskap om hersketeknikkar, for her slo han heile tre fluger i ein smekk:
-Latterleggjering, framfor heile klassa og å setje folk opp mot kvarandre.
-Fordømming uansett kva ein gjer, dobbeltstraff. (Les du ikkje på leksa, er det sjølvsagt ikkje bra nok, men les du på leksa er det heller ikkje bra nok!!)
-Påføring av skuld og skam,  her med audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking

Det skal nemnast at denne eleven fekk påvist at han har dysleksi nokre år seinare. Noko vår eineherskande lærar var for stram til å oppfatte!

Etter ein pang start på tolv års skulegang gledde eg meg jo enormt til kommande år, for så til slutt å endeleg bli ferdig. Min barneskulelærar var klar i sitt bodskap når han fortalde om vegen vidare. ” Berre vent til de byrjar i femte klasse, då blir alt mykje verre!”

I motsetnad til eigne forhåpningar hadde han jo rett. Så etter å ha kjempa meg igjennom ungdomsskulen der eg fekk lære fleire viktige hersketeknikkar var eg klar for å byrje på vidaregåande. Der lærte eg den viktigaste regelen innan hersketeknikkar av dei alle: Lag reglar, men bryt dei når det passar deg. Denne går under punktet, usynleggjering. Ein lærar av PMS sorten hadde spesialisert seg på denne. Her er poenget å opphøgje seg sjølv og si rolle som lærar ved å få elevane til å kjenne seg som mindreverdige, små og urespekterte vesen. Her kjem eit døme på korleis ho nytte seg av denne teknikken.
Hennas viktigaste hjelpar var eit armbandsur med sekundteljar. Ja, ho likte å telje sekundar. Til hennas timar skulle elevane komma presis. Om den stakkars sjela som kom sist inn døra hadde slurva litt med tida , gjekk dette ut over ALLE!
”Du er to minutt og femogtredve sekundar for sein,” utbraut ho.
” Det blir ein merknad i boka!”
Deretter brukte ho sintestemma si i minimum tjue minutt av timen til å forelese til ”den uforskammede ungdom” om kor viktig det var å kome presis til timen. Dette var sjølvsagt berre ein og annan sjeldan gong, når ho sjølv kom presis, viss ho kom i det heile.

No er eg forlengst ferdig med tolv års skulegang og kan endeleg gjere kva eg vil. Så no skal eg bli lærar sjølv. På den måten kan eg få bruk for alt eg har lært. Eg vil rette ein stor takk til Tyrannlæraren på barneskulen, PMS-lærarinda på vidaregåande og alle andre autoritetsmissbrukarar i skulesystemet som har gjort mitt karriereval så latterleg enkelt!

Eg gler meg som ei småjente på tyttebærtur til å lære om det siste punktet; tilbakehalding av informasjon! Det får eg nok inn på lærarhøgskula…


Venleg helsing ein målbevisst lærarstudent


tirsdag 1. juni 2010

Reisetips For Urbane Menneskje

Er det mykje stress og kav i kvardagen? Har du fått nok alt mas og kjas? Her kjem eit andri så lite og svært så fornuftigt reisetips!

Kanskje byrjar du bli lei av å stå og dra i dei same sveitte apparata på treningssenteret? Då er det på tide å ta seg ein pust i bakken og ein herleg tur som kan hjelpe deg å finna att meiningen med livet!

Som vår alles kjære Øystein Sunde skildrar så vel:

“ når byen sitter som en klamp om foten, som ev magesur øgle med tenner og klør

Og når Kanariøyene har gått av moten, fordi det ser ut som stover bare litt lenger sør.

…Da er det slutt, over og ut! Da kan du dra langt herfrå...”

Når alt blir eit ork og du ynskjer å finne sjelefred, kan du drøyme deg bort til det gode liv, det finn du i vakre Valdres! Den idylliske bygda kan by på så mangt, med vakre budeier i bunad som mjølker kyrne utanfor stabbura, omgitt av store skogar og majestetiske fjell. Valdres ligg i Oppland fylke , mellom Hallingdal og Gudbransdal.

Distriktet har omlag 18 000 innbyggjarar og består av 6 kommunar.

Når ein tenkjer på Valdres, assosierast det ofte til bønder og stabbur omringa av høge fjell, eit nasjonalromantisk møte med landet. Men distriktet har mykje meir å by på.















Eit døme er Jotunheimen som er ein svært kjent nasjonalpark med mange besøkjande frå både inn- og utland, sommar som vinter. Eg vil anbefale alle som vil klarne hovudet og koma bort frå daglegdags mas og kjas ta dykk ein tur til fjells! Der er det overnattingsmogelegheiter bak kvar ein stein! Du kan og ta inn på ein av DNT`s (den norske turforeining) mange hytter.

Eg vil starta ferdi ved Bygdins vestre ende, på ein tange, Eidsbugarden og DNT hytta Fondsbu. Om sumaren er det veg open for alle, om vinteren er transportmiddelet beltebil eller snøscooter.

Difor er dette eit fint utgangspunkt for turen. Her kan du velje å gå korte eller lange turar på eigenhand eller du kan melde deg på guida toppturar til for eksempel Falketind, Uranos-tind, Slettmarkspiggen eller Torfinnstindane. Om ein vil, kan ein ta båten “Bitihorn” til Bygdin, andre enden av vatnet Bygdin, ein tur på om lag 2 timar kvar veg. Ein kan velje å gå av ved Torfinsbu å gå vidare derifrå.

Elles er det godt tilrettelagt for å gå frå hytte til hytte. Ei rute som er fin og grei å gå for alle og ein kvar ein tre dagars tur der ein byrjar på Fondsbu. Dag ein går turen til Gjendebu, ei herlig vandring på omlag 6-7 timar. Den fyrste delen er litt hard, men når du har erobra dei bratte bakkane ved høystakkane blir du bellønna med ei fantastisk utsikt utover Bygdin og Eidsbugarden. Så er det ein lett tur bort og ned til Gjendin og Gjendebu. Herifrå kan ein ta den kjente turen over Besseggen. Det går også herifrå båt til “sivilisasjon” ved Valdresflya, ikkje langt unna Beitostølen.
Dag to går turen vidare til Leirvassbu, der filmen “fritt vilt” blei spelt inn. Denne turen er ca like lang som dag ein. Her må du gå langs Langevatn. Det er langt(!). Dei siste to timane er prega av steinur. Men det er utruleg kor mykje energi ein får idet ein får auge på målet!Dette er dessutan den einaste plassen med tv.
Med kroppen fylt med god mat får ein seg ei god natts søvn, før ein tar fatt på dag tre som består av ein nærmare 2 mil lang tur på grusveg. Det er så herleg, og målet er møtet med ein annan veg der du forhåpentligvis blir plukka opp å køyrt heim av ein god ven (eventuelt buss).

For dei av dyk som er av den meir festglade sorten kan Valdres by på heile tre større festivalar som blir oppsett kvart år. Den fyrste er Valdresfestivalen som tek plass i byen Fagernes. Der er det blandt anna tivoli, boder med mykje måfå, og bra konsertar. Dette hender om sumaren, rundt midten av juli.










Fyrste helga i august brakar det laus på Eidsbugarden med Vinjerock. Dette er til minne om diktaren Aasmund O. Vinje, som har sjela si der. Dit kjem det mange bra band å spelar på ei scene plassert midt imellom jotunheimens vakraste tindar. Ei oppleving av dei sjeldne!

Sist men ikkje minst så har me rakefiskfestivalen som tek plass på Fagernes i november! Her er det og mykje bra konsertar, men best av alt er smaksprøveteltet. Der betalar du ein liten sum på skarve 40 kr, for så å vandre rundt der inne, trekke inn lukta av rakefisk og sveitte bønder. For ei smaksoppleving! Denne helga spradar byfolk langvegsfrå rundt i nikkers og lusekofte. Mange har fjellsko og grønne allversjakker. Fantastisk veit du!

Her er det ingen grunn til å sita heime, i hvert fall ikkje reise til syden!

Valdres har noko for einkvar smak.

søndag 10. mai 2009

Sport Er Roten Til Alt Vondt!

I alle fall i mitt tilfelle! No på fredag som var, gledde eg meg faktisk til gym, for fyrste gong i livet. Då eg fekk meddelt at me skulle spele stikkball, blei eg endå meir positivt innstilt. Stikkball er nemleg det einaste ballspelet eg føler at eg kan ha ein sjans i, og er med dette ein av svært få sportar eg deltek i frivillig.
Me spelte gutane mot jentene. Flink som eg var, enda det med at eg vart att blant dei siste på bana. Til slutt var det berre eg og Kristin att mot alle gutane. Men då dei på laget vårt som stod på andre sida og var “døde“, begynte å rope i kor: “Kristin, Kristin, Kristin ( klapp, klapp, klapp)...” hugsa eg brått kvifor eg aldrig har likt gym. Og e forstod brått kvifor eg var blant dei to siste på bana. Dei ser ikkje på meg som nokon utfordring å ta, derfor sparar dei meg til slutt og prøver å få ut “dei beste” først (med “dei beste” meiner eg alle unntatt meg).
Då eg var liten (eller yngre, liten er eg framleis), hadde gym læraren min ein veldig lite pedagogisk måte å dele klassa inn i lag på. Denne metoden gjekk ut på at det var to elevar som skulle plukke ut ein og ein kvar si gong . Her kunne dei velje og vrake, og det var jo alltid ein fordel å få flest av dei som var generelt gode i alt med på laget. Her stod eg alltid igjen til sist, då gadd dei ikkje sei namnet mitt ein gang. Dette var nok eit volsomt nederlag for laget. Å, som eg skamma meg! Eg var glad i å væra innbytar for å sei det slik. Eg hadde ikkje mykje å bidra med på bana. Og eg fekk ikkje akkurat mogelegheita til å forbetre meg heller, då ingen ville sentre til meg, eller lære meg korleis eg kunne bli betre.
Åra gjekk, og eg blei eldre. 60 meteren på ungdomsskulen var og nokso flaut, der eg kom over målstreken 2-3 sekund etter den nest dårligaste.
Mine eigenskapar i faget gym var som du no sikkert har forstått, under middels! Men heldigvis vurderer ein og etter innsats og engasjement også i dette faget. Innsatsen sank i takt meg engasjementet til eit nivå på linje med eigenskapane, og snittet på vitnemålet der med.
No nærmar eg meg eit poeng her. Eg har alltid forbunde fysisk aktivitet med noko negativt fordi det er noko eg føler eg ikkje har fått til. Greitt nok ,alle er ikkje like flinke i norsk, matte, historie og alt dette, men slikt MÅ ein jo lære og kunne litt om. Når det gjeld gymnastikk og fysisk aktivitet, som eg meiner er veldig viktig å få inn som ein naturlig del av kvardagen i ung alder, tykkjer eg at ein som lærar må gjere sitt for at dette skal bli noko positivt for alle. Sjølvsagt kan det by på store utfordringar når alle har forskjellige ting dei likar og ikkje likar. Men prøv å inkluder alle så godt som rå, og varier aktivitetane slik at alle føler dei i alle fall meistrar ein ting. Så til poenget: NEI til karaktersetjing i gymnastikk! Dette er ingen god motivasjonsfaktor. Det blir dobbelt nederlag viss du alltid tapar i sport og i tillegg skal få ein karakter som dreg ned snittet. Motiver heller ved å få fram konkurranseinstinktet. JA til fleire timar gym i veka! Få norsk ungdom opp ifrå stolen og vekk ifrå dataskjermane og lær dei at fysisk aktivitet er MOROSAMT! Alle har noko dei likar og kan få til. Eg vil tru det blir meir positivt då, når ein ikkje nødvendigvis må væra flink å springe eller god i fotball for å oppnå gode karakterar på vitnemålet.
I u-land blir det ofte lagt vekt på fotball i bistandsarbeid, rett og slett for at ungdom skal få i alle fall eit positivt innslag i ein elles forferdeleg kvardag. Der dei kan knytte band med andre på ein positiv måte og berre ha det morosamt. Her motseie eg mitt eige utsegn i overskrifta ganske kraftig. No går det brått over til ein anna tema som eg kunna sagt så mangt om, men det skal eg ta ein annan dag! Nordmenn har det alt for godt!

torsdag 30. april 2009

Ut På Tur, Aldrig Sur!

I natt har vi sovet ute i vind og blest, for å se noe vi ikke fikk sett. Vi var en liten gjeng fra folkehøgskolen som ville være med på overnattingstur uti skogen for å se på orrfuglleik tidlig, tidlig om morningen. Vi grilla og kosa oss om kvelden, før vi la oss, noen i en lavvo, noen unner åpen himmel. Jeg tror ikke det ble så store forskjellen. Da jeg hadde krøpet meg inn i en alt for liten sovepose, snek kulda seg inn på meg. Kulde og kulde, det var da sikkert 10 grader vil jeg tro, men jeg frøs!
Der jeg lå å vred meg for å få i meg litt varme, begynte jeg å tenke på at, jeg har da vert ute en vinterdag før!

Jeg tenkte tilbake på den gangen vi var på klassetur på ungdomsskolen midt på vinteren i april. Vi gikk vel i 8. klasse og skulle på gapahuktur. Det var melt storm utover kvelden, men som det tøffe friluftsliv folk vi var (og fremdeles er), tenkte både elever og lærere at dette ble nok en flott tur! Foreldrene derimot, håpet på avlyst overnatting der de satt hjemme å bet negler å håpet på at deres søte små skulle komme hjem til kvelden.
Da vi var kommet fram til stedet vi skulle være, etter en lang marsj i bratte bakker, måtte vi bygge gapahuken. Den består ev et skråtak, det vil si at den ene veggen er helt åpen. Foran åpningen tente vi bål å håpet på at varmen skulle blåse inn til oss. Vi bygde 4 gapahuker som stod imot hverandre i en firkant, slik at i hvert fall en av dem skulle være heldige med vindretningen. På kvelden da de fleste hadde falt til ro å ville prøve å sove, var det en som hadde et voldsomt energinivå. Han sang “E6” så det joma i timevis. Da det endelig ble stilt, tror jeg at jeg klarte å sovne litt, for da jeg åpna øynene igjen for å se om det var blitt dagen, hadde jeg fått et tykt teppe med snø over meg. Vinden ulte, en pressenning føk av gårde. Jeg rista av meg litt snø å prøvde å sove litt igjen. Etter å ha rista av meg sikkert 15 cm med snø 4 ganger, ble det endelig dagen! Vi spiste litt å pakka sammen fort, fort, nå ville vi hjem til varmen!

I 10. kasse var vi på snøhuletur. Etter at alle hadde vert med på å grave ut huler store nok til 10 personer, fikk vi valget. Vi kunne enten ligge i lavvo med ovn, en varm hytte eller snøhule. Jeg valgte det siste. Også her var vi heldige med været, om kvelden var det full snøstorm. Etter å ha kavet meg inn i hulen å lagt meg til, kjente jeg selvfølgelig “naturen kalle“. Samme med en venninne. Det var et godt stykke å gå til hytta, også med fare for å blåse bort eller gå seg vill i snøkavet. Så vi gikk ikke langt unna hula vår for å gjøre vårt fornødne. Snakk om å tisse i motvind, uansett hvordan man snudde og vente på seg, så var det motvind. Om morgenen da jeg våknet etter en iskald natt hadde innbyggertallet i snøhulen sunket med 70%. Tre kalde kropper pakket tingene sine å gikk til frokost.


Moralen i dette er vel at, det kan alltid bli verre, man har det ikke så ille likevel hvis man tenker seg om. Vi fikk ikke sett noen orrfugler, men vi fikk da enda en opplevelse! Det er jo slikt man husker, det er morsomt å samle på opplevelser, både gode og dårlige! :p

søndag 26. april 2009

Mitt Fyrste Innlegg

Dette er då meg då eg var ung. Her var eg eit uskyldig lite menneske, der eg tulla rundt i mi eiga verd og viste lite om kva som venta meg. Eg haldt fram å nyte min trygge og bekymringslause tilvære i nokre år til, før eg fekk oppdaga at livet byr på mange vanskelege val og oppdagingar. Eit val eg har slite mykje med, og slit med den dag i dag er å finne ut av kva målform eg skal velje å bruka(...). Det er noko du kjem til å få oppleve viss du held fram med å lesa denne bloggen. Her kjem eg til å leggje ut litt om meg og kva eg har opplevd og vil oppleva i framtida, og elles ting det eventuelt vil falle meg inn å skriva om.

Akkurat no fekk eg eit stort behov for å greie ut om kvifor eg tykkjer det å velje målform er så vanskeleg. Det har seg nemleg slik at eg lærte å lesa å skriva i fyrste klasse, på nynorsk( eller landsmål som eg likar å kalla det). Klassen min fekk ikkje undervisning i riksmål( eller bokmål som du kanskje ville sagt) før i 9 klasse på ungdomsskulen. Då var eg heilt fullstendig likegyldig til kva målform eg likte best, rett og slett fordi eg gjorde det like bra i begge. I seine år har eg måtte velje. Til dømes om eg vil ha det eine eller det andre som hovudmål på vidaregåande, eller kva målform eg vil ha på selvanngivelsen, teoriprøven osv. Eg anar ikkje kva eg har valt på dei forskjellige, fordi det går for det same for meg. Eg har ein påstand om at landsmål gjenspeilar det norske talemålet best. Rett og slett fordi Ivar Aasen vandra rundt i vårt dyre fedreland og samla opp og samanlikna forskjellige norske dialektar på bygdene. Riksmålet er fornorska dansk. I dag står det skrive at dei to målformene er likestilte. Noko norsk media i dag er svært dårlege på å halde ved lag. Så som den patriot eg er, vil eg her heidra begge våre norske målformar å bruke dei to om kvarandre slik at dei blir likestilt, om ikkje anna på min eigen blogg.

Litt samfunnsengasjemang er viktig å få med seg på ein blogg tykkjer eg. Kommenter alt du vil!