I alle fall i mitt tilfelle! No på fredag som var, gledde eg meg faktisk til gym, for fyrste gong i livet. Då eg fekk meddelt at me skulle spele stikkball, blei eg endå meir positivt innstilt. Stikkball er nemleg det einaste ballspelet eg føler at eg kan ha ein sjans i, og er med dette ein av svært få sportar eg deltek i frivillig.
Me spelte gutane mot jentene. Flink som eg var, enda det med at eg vart att blant dei siste på bana. Til slutt var det berre eg og Kristin att mot alle gutane. Men då dei på laget vårt som stod på andre sida og var “døde“, begynte å rope i kor: “Kristin, Kristin, Kristin ( klapp, klapp, klapp)...” hugsa eg brått kvifor eg aldrig har likt gym. Og e forstod brått kvifor eg var blant dei to siste på bana. Dei ser ikkje på meg som nokon utfordring å ta, derfor sparar dei meg til slutt og prøver å få ut “dei beste” først (med “dei beste” meiner eg alle unntatt meg).
Då eg var liten (eller yngre, liten er eg framleis), hadde gym læraren min ein veldig lite pedagogisk måte å dele klassa inn i lag på. Denne metoden gjekk ut på at det var to elevar som skulle plukke ut ein og ein kvar si gong . Her kunne dei velje og vrake, og det var jo alltid ein fordel å få flest av dei som var generelt gode i alt med på laget. Her stod eg alltid igjen til sist, då gadd dei ikkje sei namnet mitt ein gang. Dette var nok eit volsomt nederlag for laget. Å, som eg skamma meg! Eg var glad i å væra innbytar for å sei det slik. Eg hadde ikkje mykje å bidra med på bana. Og eg fekk ikkje akkurat mogelegheita til å forbetre meg heller, då ingen ville sentre til meg, eller lære meg korleis eg kunne bli betre.
Åra gjekk, og eg blei eldre. 60 meteren på ungdomsskulen var og nokso flaut, der eg kom over målstreken 2-3 sekund etter den nest dårligaste.
Mine eigenskapar i faget gym var som du no sikkert har forstått, under middels! Men heldigvis vurderer ein og etter innsats og engasjement også i dette faget. Innsatsen sank i takt meg engasjementet til eit nivå på linje med eigenskapane, og snittet på vitnemålet der med.
No nærmar eg meg eit poeng her. Eg har alltid forbunde fysisk aktivitet med noko negativt fordi det er noko eg føler eg ikkje har fått til. Greitt nok ,alle er ikkje like flinke i norsk, matte, historie og alt dette, men slikt MÅ ein jo lære og kunne litt om. Når det gjeld gymnastikk og fysisk aktivitet, som eg meiner er veldig viktig å få inn som ein naturlig del av kvardagen i ung alder, tykkjer eg at ein som lærar må gjere sitt for at dette skal bli noko positivt for alle. Sjølvsagt kan det by på store utfordringar når alle har forskjellige ting dei likar og ikkje likar. Men prøv å inkluder alle så godt som rå, og varier aktivitetane slik at alle føler dei i alle fall meistrar ein ting. Så til poenget: NEI til karaktersetjing i gymnastikk! Dette er ingen god motivasjonsfaktor. Det blir dobbelt nederlag viss du alltid tapar i sport og i tillegg skal få ein karakter som dreg ned snittet. Motiver heller ved å få fram konkurranseinstinktet. JA til fleire timar gym i veka! Få norsk ungdom opp ifrå stolen og vekk ifrå dataskjermane og lær dei at fysisk aktivitet er MOROSAMT! Alle har noko dei likar og kan få til. Eg vil tru det blir meir positivt då, når ein ikkje nødvendigvis må væra flink å springe eller god i fotball for å oppnå gode karakterar på vitnemålet.
I u-land blir det ofte lagt vekt på fotball i bistandsarbeid, rett og slett for at ungdom skal få i alle fall eit positivt innslag i ein elles forferdeleg kvardag. Der dei kan knytte band med andre på ein positiv måte og berre ha det morosamt. Her motseie eg mitt eige utsegn i overskrifta ganske kraftig. No går det brått over til ein anna tema som eg kunna sagt så mangt om, men det skal eg ta ein annan dag! Nordmenn har det alt for godt!
søndag 10. mai 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)