onsdag 2. juni 2010

Nyttig Lærdom



Dei Fem Hersketeknikkar
  • Usynleggjering
  • Latterleggjering
  • Tilbakehalding av informasjon
  • Fordømming uansett kva ein gjer (Også kalla dobbeltstraff).
  • Påføring av skuld og skam (skjer gjennom latterleggjering, audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking)

Eg veit om ein institusjon der desse får spire og gro som graset bak do. Ja, institusjonen eg no siktar til er, kanskje ikkje heilt uventa, skulen. Her blir desse nytta i stor skala.

Eg vil no fortelja litt om den nyttige lærdomen eg fekk då eg var ung. Etter 9 år i grunnskulen og 3 år på vidaregåande sit eg att med mykje nyttig kunnskap. Eg hugsar godt mine fyste år på skulebenken. Det var ein liten barneskule med om lag 20 elevar frå fyrste til fjerde klasse.

Eg minnast då eg byrja på skulen, som den uskuldig sjuåring eg var. Ein liten kropp, klar til å bli stappa med kunnskap, som ei pølse. Dette var mitt fyrste møte med det offentlige. Det var her eg skulle på sjå at den enklaste måten å få makt på, i alle fall i denne samanhengen, var å nytte seg av herseteknikkar. Eg var så heldig å få ein lærar som var ekspert på området.

Det fyrste me byrja med om morgonen var å gå igjennom leseleksa. Eg, som mange andre, var ikkje urovekkjande god til å lese. For å sei det slik; det var dei som var betre, og det var dei som var mykje betre. Ei hending eg hugsar særs godt var då ein gut i klassen, som var endå litt dårligare en meg til å lese, skulle opptre etter meg. Tyrannlæraren haldt eit skarpt auge med han mens han sjølvsikkert stava seg igjennom teksten. For han hadde nemleg lese på leksa si heime heile tre gonger kvelden før og var svært nøgd med seg sjølv. For ein gongs skuld møtte han opp godt forberedt til timen. Tilbakemeldinga han fekk var nok noko uventa for min stakkars klassekamerat. ”Dette her er ikkje bra nok! Eg kan høyre at du ikkje har lese på leksa di to gonger heime, slik alle skal. Høyr på Marianne. Eg kan høyre at ho har lese det ho skal heime, Det har ikkje DU. Du må verkeleg skjerpe deg!”

Her har læraren verkeleg våre dyktig. Han hadde nok massiv kunnskap om hersketeknikkar, for her slo han heile tre fluger i ein smekk:
-Latterleggjering, framfor heile klassa og å setje folk opp mot kvarandre.
-Fordømming uansett kva ein gjer, dobbeltstraff. (Les du ikkje på leksa, er det sjølvsagt ikkje bra nok, men les du på leksa er det heller ikkje bra nok!!)
-Påføring av skuld og skam,  her med audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking

Det skal nemnast at denne eleven fekk påvist at han har dysleksi nokre år seinare. Noko vår eineherskande lærar var for stram til å oppfatte!

Etter ein pang start på tolv års skulegang gledde eg meg jo enormt til kommande år, for så til slutt å endeleg bli ferdig. Min barneskulelærar var klar i sitt bodskap når han fortalde om vegen vidare. ” Berre vent til de byrjar i femte klasse, då blir alt mykje verre!”

I motsetnad til eigne forhåpningar hadde han jo rett. Så etter å ha kjempa meg igjennom ungdomsskulen der eg fekk lære fleire viktige hersketeknikkar var eg klar for å byrje på vidaregåande. Der lærte eg den viktigaste regelen innan hersketeknikkar av dei alle: Lag reglar, men bryt dei når det passar deg. Denne går under punktet, usynleggjering. Ein lærar av PMS sorten hadde spesialisert seg på denne. Her er poenget å opphøgje seg sjølv og si rolle som lærar ved å få elevane til å kjenne seg som mindreverdige, små og urespekterte vesen. Her kjem eit døme på korleis ho nytte seg av denne teknikken.
Hennas viktigaste hjelpar var eit armbandsur med sekundteljar. Ja, ho likte å telje sekundar. Til hennas timar skulle elevane komma presis. Om den stakkars sjela som kom sist inn døra hadde slurva litt med tida , gjekk dette ut over ALLE!
”Du er to minutt og femogtredve sekundar for sein,” utbraut ho.
” Det blir ein merknad i boka!”
Deretter brukte ho sintestemma si i minimum tjue minutt av timen til å forelese til ”den uforskammede ungdom” om kor viktig det var å kome presis til timen. Dette var sjølvsagt berre ein og annan sjeldan gong, når ho sjølv kom presis, viss ho kom i det heile.

No er eg forlengst ferdig med tolv års skulegang og kan endeleg gjere kva eg vil. Så no skal eg bli lærar sjølv. På den måten kan eg få bruk for alt eg har lært. Eg vil rette ein stor takk til Tyrannlæraren på barneskulen, PMS-lærarinda på vidaregåande og alle andre autoritetsmissbrukarar i skulesystemet som har gjort mitt karriereval så latterleg enkelt!

Eg gler meg som ei småjente på tyttebærtur til å lære om det siste punktet; tilbakehalding av informasjon! Det får eg nok inn på lærarhøgskula…


Venleg helsing ein målbevisst lærarstudent


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar