onsdag 2. juni 2010

Nyttig Lærdom



Dei Fem Hersketeknikkar
  • Usynleggjering
  • Latterleggjering
  • Tilbakehalding av informasjon
  • Fordømming uansett kva ein gjer (Også kalla dobbeltstraff).
  • Påføring av skuld og skam (skjer gjennom latterleggjering, audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking)

Eg veit om ein institusjon der desse får spire og gro som graset bak do. Ja, institusjonen eg no siktar til er, kanskje ikkje heilt uventa, skulen. Her blir desse nytta i stor skala.

Eg vil no fortelja litt om den nyttige lærdomen eg fekk då eg var ung. Etter 9 år i grunnskulen og 3 år på vidaregåande sit eg att med mykje nyttig kunnskap. Eg hugsar godt mine fyste år på skulebenken. Det var ein liten barneskule med om lag 20 elevar frå fyrste til fjerde klasse.

Eg minnast då eg byrja på skulen, som den uskuldig sjuåring eg var. Ein liten kropp, klar til å bli stappa med kunnskap, som ei pølse. Dette var mitt fyrste møte med det offentlige. Det var her eg skulle på sjå at den enklaste måten å få makt på, i alle fall i denne samanhengen, var å nytte seg av herseteknikkar. Eg var så heldig å få ein lærar som var ekspert på området.

Det fyrste me byrja med om morgonen var å gå igjennom leseleksa. Eg, som mange andre, var ikkje urovekkjande god til å lese. For å sei det slik; det var dei som var betre, og det var dei som var mykje betre. Ei hending eg hugsar særs godt var då ein gut i klassen, som var endå litt dårligare en meg til å lese, skulle opptre etter meg. Tyrannlæraren haldt eit skarpt auge med han mens han sjølvsikkert stava seg igjennom teksten. For han hadde nemleg lese på leksa si heime heile tre gonger kvelden før og var svært nøgd med seg sjølv. For ein gongs skuld møtte han opp godt forberedt til timen. Tilbakemeldinga han fekk var nok noko uventa for min stakkars klassekamerat. ”Dette her er ikkje bra nok! Eg kan høyre at du ikkje har lese på leksa di to gonger heime, slik alle skal. Høyr på Marianne. Eg kan høyre at ho har lese det ho skal heime, Det har ikkje DU. Du må verkeleg skjerpe deg!”

Her har læraren verkeleg våre dyktig. Han hadde nok massiv kunnskap om hersketeknikkar, for her slo han heile tre fluger i ein smekk:
-Latterleggjering, framfor heile klassa og å setje folk opp mot kvarandre.
-Fordømming uansett kva ein gjer, dobbeltstraff. (Les du ikkje på leksa, er det sjølvsagt ikkje bra nok, men les du på leksa er det heller ikkje bra nok!!)
-Påføring av skuld og skam,  her med audmjkelsar, blottleggjing og ærekrenking

Det skal nemnast at denne eleven fekk påvist at han har dysleksi nokre år seinare. Noko vår eineherskande lærar var for stram til å oppfatte!

Etter ein pang start på tolv års skulegang gledde eg meg jo enormt til kommande år, for så til slutt å endeleg bli ferdig. Min barneskulelærar var klar i sitt bodskap når han fortalde om vegen vidare. ” Berre vent til de byrjar i femte klasse, då blir alt mykje verre!”

I motsetnad til eigne forhåpningar hadde han jo rett. Så etter å ha kjempa meg igjennom ungdomsskulen der eg fekk lære fleire viktige hersketeknikkar var eg klar for å byrje på vidaregåande. Der lærte eg den viktigaste regelen innan hersketeknikkar av dei alle: Lag reglar, men bryt dei når det passar deg. Denne går under punktet, usynleggjering. Ein lærar av PMS sorten hadde spesialisert seg på denne. Her er poenget å opphøgje seg sjølv og si rolle som lærar ved å få elevane til å kjenne seg som mindreverdige, små og urespekterte vesen. Her kjem eit døme på korleis ho nytte seg av denne teknikken.
Hennas viktigaste hjelpar var eit armbandsur med sekundteljar. Ja, ho likte å telje sekundar. Til hennas timar skulle elevane komma presis. Om den stakkars sjela som kom sist inn døra hadde slurva litt med tida , gjekk dette ut over ALLE!
”Du er to minutt og femogtredve sekundar for sein,” utbraut ho.
” Det blir ein merknad i boka!”
Deretter brukte ho sintestemma si i minimum tjue minutt av timen til å forelese til ”den uforskammede ungdom” om kor viktig det var å kome presis til timen. Dette var sjølvsagt berre ein og annan sjeldan gong, når ho sjølv kom presis, viss ho kom i det heile.

No er eg forlengst ferdig med tolv års skulegang og kan endeleg gjere kva eg vil. Så no skal eg bli lærar sjølv. På den måten kan eg få bruk for alt eg har lært. Eg vil rette ein stor takk til Tyrannlæraren på barneskulen, PMS-lærarinda på vidaregåande og alle andre autoritetsmissbrukarar i skulesystemet som har gjort mitt karriereval så latterleg enkelt!

Eg gler meg som ei småjente på tyttebærtur til å lære om det siste punktet; tilbakehalding av informasjon! Det får eg nok inn på lærarhøgskula…


Venleg helsing ein målbevisst lærarstudent


tirsdag 1. juni 2010

Reisetips For Urbane Menneskje

Er det mykje stress og kav i kvardagen? Har du fått nok alt mas og kjas? Her kjem eit andri så lite og svært så fornuftigt reisetips!

Kanskje byrjar du bli lei av å stå og dra i dei same sveitte apparata på treningssenteret? Då er det på tide å ta seg ein pust i bakken og ein herleg tur som kan hjelpe deg å finna att meiningen med livet!

Som vår alles kjære Øystein Sunde skildrar så vel:

“ når byen sitter som en klamp om foten, som ev magesur øgle med tenner og klør

Og når Kanariøyene har gått av moten, fordi det ser ut som stover bare litt lenger sør.

…Da er det slutt, over og ut! Da kan du dra langt herfrå...”

Når alt blir eit ork og du ynskjer å finne sjelefred, kan du drøyme deg bort til det gode liv, det finn du i vakre Valdres! Den idylliske bygda kan by på så mangt, med vakre budeier i bunad som mjølker kyrne utanfor stabbura, omgitt av store skogar og majestetiske fjell. Valdres ligg i Oppland fylke , mellom Hallingdal og Gudbransdal.

Distriktet har omlag 18 000 innbyggjarar og består av 6 kommunar.

Når ein tenkjer på Valdres, assosierast det ofte til bønder og stabbur omringa av høge fjell, eit nasjonalromantisk møte med landet. Men distriktet har mykje meir å by på.















Eit døme er Jotunheimen som er ein svært kjent nasjonalpark med mange besøkjande frå både inn- og utland, sommar som vinter. Eg vil anbefale alle som vil klarne hovudet og koma bort frå daglegdags mas og kjas ta dykk ein tur til fjells! Der er det overnattingsmogelegheiter bak kvar ein stein! Du kan og ta inn på ein av DNT`s (den norske turforeining) mange hytter.

Eg vil starta ferdi ved Bygdins vestre ende, på ein tange, Eidsbugarden og DNT hytta Fondsbu. Om sumaren er det veg open for alle, om vinteren er transportmiddelet beltebil eller snøscooter.

Difor er dette eit fint utgangspunkt for turen. Her kan du velje å gå korte eller lange turar på eigenhand eller du kan melde deg på guida toppturar til for eksempel Falketind, Uranos-tind, Slettmarkspiggen eller Torfinnstindane. Om ein vil, kan ein ta båten “Bitihorn” til Bygdin, andre enden av vatnet Bygdin, ein tur på om lag 2 timar kvar veg. Ein kan velje å gå av ved Torfinsbu å gå vidare derifrå.

Elles er det godt tilrettelagt for å gå frå hytte til hytte. Ei rute som er fin og grei å gå for alle og ein kvar ein tre dagars tur der ein byrjar på Fondsbu. Dag ein går turen til Gjendebu, ei herlig vandring på omlag 6-7 timar. Den fyrste delen er litt hard, men når du har erobra dei bratte bakkane ved høystakkane blir du bellønna med ei fantastisk utsikt utover Bygdin og Eidsbugarden. Så er det ein lett tur bort og ned til Gjendin og Gjendebu. Herifrå kan ein ta den kjente turen over Besseggen. Det går også herifrå båt til “sivilisasjon” ved Valdresflya, ikkje langt unna Beitostølen.
Dag to går turen vidare til Leirvassbu, der filmen “fritt vilt” blei spelt inn. Denne turen er ca like lang som dag ein. Her må du gå langs Langevatn. Det er langt(!). Dei siste to timane er prega av steinur. Men det er utruleg kor mykje energi ein får idet ein får auge på målet!Dette er dessutan den einaste plassen med tv.
Med kroppen fylt med god mat får ein seg ei god natts søvn, før ein tar fatt på dag tre som består av ein nærmare 2 mil lang tur på grusveg. Det er så herleg, og målet er møtet med ein annan veg der du forhåpentligvis blir plukka opp å køyrt heim av ein god ven (eventuelt buss).

For dei av dyk som er av den meir festglade sorten kan Valdres by på heile tre større festivalar som blir oppsett kvart år. Den fyrste er Valdresfestivalen som tek plass i byen Fagernes. Der er det blandt anna tivoli, boder med mykje måfå, og bra konsertar. Dette hender om sumaren, rundt midten av juli.










Fyrste helga i august brakar det laus på Eidsbugarden med Vinjerock. Dette er til minne om diktaren Aasmund O. Vinje, som har sjela si der. Dit kjem det mange bra band å spelar på ei scene plassert midt imellom jotunheimens vakraste tindar. Ei oppleving av dei sjeldne!

Sist men ikkje minst så har me rakefiskfestivalen som tek plass på Fagernes i november! Her er det og mykje bra konsertar, men best av alt er smaksprøveteltet. Der betalar du ein liten sum på skarve 40 kr, for så å vandre rundt der inne, trekke inn lukta av rakefisk og sveitte bønder. For ei smaksoppleving! Denne helga spradar byfolk langvegsfrå rundt i nikkers og lusekofte. Mange har fjellsko og grønne allversjakker. Fantastisk veit du!

Her er det ingen grunn til å sita heime, i hvert fall ikkje reise til syden!

Valdres har noko for einkvar smak.